Quantcast
Channel: Preik » Oslo
Viewing all articles
Browse latest Browse all 10

Vestlandets samling

$
0
0

Vestlandsfylka kan ta ta luven av Oslo-hegemoniet ved å slå seg saman til eitt fylke. Løftet om 150 milliardar til E39 viser kva resultat eit samla Vestland kan oppnå.

Tenk for ei slagkraft Vestlandet får om Rogaland slår seg saman med Hordaland og Sogn og Fjordane, seier Tom Tvedt (A), tidlegare fylkesordførar i Rogaland, i eit intervju med Stavanger Aftenblad.

Rogaland viser veg: Initiativet til eit samla vestlandsfylke kjem frå landsdelens mest vekstkraftige område. Stavanger har lenge vore mindre nærsynt enn Bergen i høve til omlandet. (At Stavanger Teater vart Rogaland Teater, viser ei tilnærming til omlandet som ville vore utenkjeleg i Bergen.) Arkivfoto: Alf Ove Hansen, Scanpix

Ja, tenk! Tom Tvedts vyer let seg dessutan realisera utan Oslos innblanding. Kven skulle nekta vestlandsfylka å slå seg saman? Arbeidarpartiet? Høgre? Vestlendingar får landets største og mest salgkraftige fylke, om vestlendingar vågar ta makta i eigne hender.

Regionalisme, eit land av regionar, har vore politisk unnfanga før, med Senterpartiet som donator og den raudgrøne regjeringa som rugemor. Fødselen, i form av ei stortingsmelding frå 2006, skapte ingen entusiasme; barnet var ikkje levedyktig. Distrikts- og regionalmeldinga var tenkt som ei motvekt mot eit stadig sterkare politisk press, særleg frå Høgre og Framstegspartiet, for kommunesamanslåing og nedlegging av fylkeskommunane. To offentlege forvaltningsnivå i staden for tre, billegare og meir effektivt, ifølgje denne resepten.

Norsk regionalisme har alltid hatt sine sterkaste røter på Vestlandet. Men også her fekk regionmeldinga tommelen ned frå viktige aktørar. Møre og Romsdal var i tvisynt, som dette fylket gjerne er, med ein fot i det vestlandske og ein i det midtnorske. Bergen og Stavanger trudde meir på den nokså ferske, men desto meir opphaussa ideen om byregionar.

Vestlandsk regionalisme har likevel aldri enda på sotteseng. Ikkje minst har Vestlandskonferansen halde fana høgt. Og denne ettervinteren fekk regionalistane nytt vatn på mølla. Den raudgrøne regjeringas løfte om 150 milliardar til ferjefri kyststamveg mellom Kristiansand og Trondheim er resultatet av eit samla, vestlandsk press, mellom anna målbore av alle dei fire fylkesordførarane. Det ville nok gjort vesentleg mindre inntrykk på riksstyresmaktene om ordførarane i Bergen og Stavanger skulle ha erstatta fylkesordførarane, eventuelt med nokre strilar og jærbuar på slep. – Mi tid som fylkesordførar lærte meg kor vikitig vestlandssamarbeidet er, seier Tom Tvedt.

Den tidlegare fylkesordføraren i Rogaland er overtydd om at den skisserte kommunereformen, som Arbeidarpartiet og Høgre ser ut til å vilja fremja etter årets stortingsval, først og fremst vil auka Oslo-makta. Om kommunemakta blir større, har han rett i at det er vanskeleg å tru at all den noverande fylkesmakta skal følgja med på kommunelasset. – Staten vil garantert styrka seg på alle viktige område, og det lokale handlingsrommet blir tilsvarande mindre, seier Tom Tvedt.

Noreg er frå før eit av Europas mest sentraliserte land, forsterka av statens pengeflaum frå havet. Vil ei blåblå regjering vera mindre sentralistisk enn ei raudgrøn? Det tvilar eg på. Å gje slepp på makt er ei av dei aller vanskelegaste politiske øvingane. Og det er ikkje berre politisk makt som er samla i Oslo. Det omfangsrike og mektige embetsverket er endå meir sentralistisk enn politikararane. Dei dagsordensetjande, såkalla riksmedia, skravleriater og plaprokratiet er tilsvarande, geografisk innskrenka. Vel er Erna Solberg vestlending, men eg har inga tru på at ho vil rokka ved dei tunge maktstrukturane som ber oppe den norske sentralismen.

Stortstilt kommunesanering og nedlegging av fylkeskommunane vil i alle høve vera ein langdryg og komplisert affære. Regionen blir sett fem til sju år tilbake dersom det skal gjennomførast omfattande endringar av dagens kommunegrenser, meiner Tom Tvedt, Det skal byggjast opp nye strukturar over heile fjøla, seier han. Den lokale striden illusterer han med Stavanger og Sandnes som døme: Stavanger vil slå seg saman med resten av Nord-Jæren, inklusiv Sandnes, Sandnes snur derimot appetitten for nytt land mot sør. Oppskrifta hans er å lata kommunegrensene bli som no, kommunane i Rogaland fungerer godt som dei er, meiner han.

Ei så konservativ haldning til kommunesamanslåing er likevel ikkje noko vilkår for ei vellukka fylkessamanslåing. I dag er ikkje vestlandsfylka så tett samanbundne som dei burde vera for å danna ein effektiv region; trafikken til og frå Oslo til dei ulike knutepunkta på Vestlandet har heilt andre dimensjonar enn trafikken fylka imellom. Men ein ferdig opprusta E39 gjev nye perspektiv på det regionale hopehavet.

Ein samlingsprosess for Vestlandet gjev også nye perspektiv for den norske maktfordelinga. Behovet for regional styring er ikkje mindre på Austlandet, der Oslo ligg som eige fylke, inneklemt i Akershus fylke. Manglande samordning og styring er tydeleg demonstrert i debatten om korleis det sentrale Austlandet skal gjerast i stand til å ta mot ein venta rask og sterk folkevekst dei næraste tiåra. Som på Vestlandet samla då også åtte fylkesordførarar seg om kravet om full utbygging av det såkalla inter-city-triangelet, ei jarnbanesatsing til 130 milliardar kroner.
Tom Tvedt meiner eit vestlandsfylke kan gjerast til eit reiskap for å skapa eit nytt og vitalisert, desentralisert demokrati. Den ambisjonen er vel verd å realisera. Ein så stor region kan overta vesentleg meir av statsmakta enn større kommunar vil vera i stand til å gjera. Rivalisering mellom Bergen og Stavanger om institusjonar og makt bør vera eit overkomeleg problem når korta skal leggjast på nytt.

Like viktig er det at sterkare regionar vil vera til vinning for heile landet. Oslo treng motmakt, motmakta treng Oslo.


Viewing all articles
Browse latest Browse all 10

Latest Images

Trending Articles


Ny leilighet i lun fargepalett


Luma toppstjerne


(09.02.17)


Av: Jotun LADY


Sovevogner i Europa


Vikaune fabrikker til Sveberg


Tips til varme og harmoniske fargekombinasjoner


Aebi transporter


Rom i bofellesskap, Markveien 50, Oslo (27.10.18)


Heklet grytekluter i bølgemønster.